2. desember 2011

Innlegg 9 - Fantastisk litteratur


I denne økta hadde me om fantastisk litteratur. Fyrst gjekk me gjennom den generelle delen om fantastisk litteratur, så gjekk me nøyare inn på boka me las denne økta, nemleg landet under isen. Te slutt lærte me om kriminal litteratur. Me hadde litt om fantastisk litteratur og Kriminal litteratur det forje semesteret, men eg lika repetisjon. Eg syns det at me gjekk igjennom litt nøyare i dag og det var berre bra. Mens boka var sjølvsagt ny for oss alle. Det eg har skrive under er alt det nye eg lærte.
Fantastisk litteratur er forteljingar med vesentlige innslag som er sterkt i strid med det sannsynlege. Innhaldet bryt med det som er muleg i ein verkeleg verd, til dømes:
-          Magi
-          Overnaturlige vesena
-          Ekstraordinære evnar
Det finnes to hovudgrupper av fantastisk litteratur. Den fyrste er ein reise til ein anna verd, eller at hovudpersonen i litteraturen pendlar mellom dei to verdene. Her kan me si at boka landet under isen av Lars Mæhle høyrer te. Andre eksemplar er Narnia av C.S. Lewis og Mio, min Mio av Astrid Lindgren. Under denne hovudgruppa finn me også Nonsensforteljingar og forteljingar frå mytiske land. I Nonsensforteljingar finn me forteljingar som Alice i Eventyrland. I forteljingar frå mytiske land finn me tekster som Ole Brumm og Hakkebakkeskogen. 
Den andre hovedgruppa er der overnaturlige eller fantastiske trenger inn i vår realistiske verd. ”Forteljingar der det framande og forunderlege slår inn i den vanlege, kvardagslege verda, utgjer ei ueinsarta gruppe forteljingar” (Mjør m.fl. 2009: 110). Døme på disse bøkane er Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren og Karlson på taket som også er skrive av Astrid Lindgren.
Landet under isen er skrive av Lars Mæhle og er en av fleire ungdomsbøkar me har lese dette semesteret. Denne boka er både realistisk og fantastisk. Leo Rubin og Magne Jerstad er hovudpersonane i boka. Leo blir etter kvart tatt med te eit land under isen der det bur onde krefter som vil ta over Smalvik, staden der Leo bur. Leo er den utvalte, altså helten i boka, som skal redde Smalvik frå å bli teke over av Munkekattane. Nede i dette landet under isen møter Leo på overnaturlege vesen, som til dømes Bobbin og Goleman, disse to karakterane forklaras som kjemper i boka.
Boka har også eit krimplott der Magne Jerstad er etterforskaren i boka. Kriminal litteratur er forteljingar om lovbrot og oppklaringane av lovbrotane. Boka følgjer eit fast krimmønster for form og innhald i boka:
-          Det skjer eit mord
-          Det skjer ein presentasjon av aktørar og situasjonen
-          Spennande hendingar oppstår undervegs
-          Brikkene faller på plass
-          Lovbrotet løysast te slutt
Temaet i boka kan vere mykje forskjellig. Men dei eg har lyst te å nemne er kjærleik og det gode mot det onde. Leo mista foreldra sine da han var liten, dei forsvann nemleg ned i ein isbre. Heilt sia dette skjedde har Leo lengta etter foreldra sine. Han har eit tomrom i hjartet sitt. Men ettersom Leo blir innblanda i landet under isen viser det seg at kanskje foreldra lever. Leo gjer alt for å få foreldra tilbake, han er redd men trosser frykta, kjærleiken te foreldra er nemleg sterkare. Han møter på skumle munkekattar og den fryktelige Goleman, men Leo overlever og reddar Smalvik. Foreldra hans høyrer me dessverre ingenting om i slutten av boka, så ingen veit om det ble gjenforening mellom den vesle familien eller ikkje, men me lesarane føler med Leo og kjenner på følelsane hans.
Leo er som sagt utvalt te å redde Smalvik frå å gå under. Han må bekjempe det onde for at det gode skal kunne komme til overflata igjen. Han drep onde munkekatter og til slutt drep han også den forferdelige Munken. Leo har nemleg ein amulett som smelter Munken og har nå beseiret det onde. Leo er ein helt i boka og enda er han berre ein 16 åring. Eg vil tru mange av lesarane av denne boka kjenner seg igjen i Leo og boka kan vere ein inspirasjon for mange. I den verkelege verda er Leo svak og eit mobbeoffer på skulen, men i den fantastiske verda er han sterk og modig, han har mange venner og vinn te slutt. Lesarane lever seg inn i verda te Leo og flyktar te den fantastiske verda med han.
Det er også ein del symbol i boka. Det største symbolet er nok isbreen, altså et teikn på det onde. Is forbindast med kulde, rått og skummelt. Når Munken er beseiret smelter isen og Smalvik blir til det den eingong var. Graset og blomane veks igjen, det er farger og grønt, og ikkje mørkt og trist lenger. Menneska i Smalvik ser igjen kor fint det er og dei smilar.
Frå denne økta har eg teke med meg masse nyttig. Eg kan for det fyrste mykje om fantastisk litteratur og for det andre har eg fått idear te bøker eg kan vise elevane mine i forbindelse med denne sjangeren. Etter 7. trinn seier LK06 at elevane skal; ”Lese et mangfold av tekster i ulike sjangrer og av ulik kompleksitet på bokmål og nynorsk: norske og oversatte, skjønnlitterære tekster og sakprosatekster” (LK06). Eg likte landet under isen godt, og dette kan vere ein bok eg vil vise elevane mine seinare. Ulempa med boka er at ho er veldig tjukk og difor ikkje ein bok for dei svakaste elevane i klassen, men eg vil nok anbefale dei sterkaste elevane, dei som lika å lese, denne boka. Eg trur dei vil føle leseglede slik eg gjorde.

Kjelder:
-          Birkeland, Tone, Mjør, Ingeborg og Risa, Gunvor (2009) Barnelitteratur – Sjangrar og teksttypa, J.W. Cappelens Forlag AS, 3. opplag.
-          http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=1&at=7, Kunnskapsløftet, hentet 12.12.11.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar